torsdag 18. februar 2010

Bloggen min

Min første blogg
Som ein del av IKT studiet for lærarar er bloggverktøyet eit arbeidskrav. Eg har ingen erfaring med å skrive blogg, men eg har lest og følgt nokre bloggar. Når eg tenkjer på dei som skriv blogg, er det nokon som har ei genuin interesse for noko dei vil dele med andre. Det kan vere idrett, trening, mote, interiør, hund eller hest. Eller som ei eg kjenner som har laga blogg om sin lille familie og deira datter. Dette for at familie og venner som bur langt vekke kan vere med på utviklinga til deira vesle augestein. Andre nyttar bloggverktøyet i jobbsamanheng og som eit fagleg nettverk der ein utvekslar efraringar. Dei får såleis marknadsført seg sjølv og bedrifta med ein firmablogg kor dei viser sin kompetanse og engasjement, samt brukar den som kommunikasjonskanal mot kundar og samarbeidspartnarar. I min jobb som lærar vil eg bruke blogg innan for fag og undervisning og få utveksla erfaringar med andre i likeeins situasjon.
Ja no blir eg kasta ut i det og skal skrive eigne blogg innlegg og svare på andre sine innlegg. Dette tykjer eg er spennande, uvant og eg blir litt redd for at det ”ikkje skal vere godt nok”. Det er vel noko med at det blir publisert for andre. Men på den andre sida tykkjer eg det er kjekt og spennande Vi får sjå om det gir meirsmak, kanskje forblir eg ein aktiv bloggar?!? No er eg i gong og eg har min eigen blogg

2 kommentarer:

  1. Bra å vere i gong Kari-Ann! Eg vil fylgje med på bloggen, sjølv om ikkje vi har fag til felles. Å skrive blogg er nytt for meg og. Eit tips eg har lært er å dele teksten i fleire avsnitt enn ein elles ville ha gjort. Trur nok det er det einaste nyttige eg kan bidra med her...

    SvarSlett
  2. Så kjekt du vil fylje bloggen min Jill, eg har vore å kikka på din også. Ser du er kommen godt i gong, og har fått inn flotte innlegg.

    Tusen takk for tips, det skal eg ta med meg:-)
    Var eigentleg tenkt å bruke litt tid på bloggen i helga, men sjuke unger har tatt all tid. Så no håpar eg på ei god og effektiv veke..

    SvarSlett