mandag 15. mars 2010

Mi løysing på arbeidskravet

Som ein del av IKT-studiet for lærarar er bloggverktøyet eit arbeidskrav. Tidlegare har eg ingen erfaring med å skrive blogg, men eg har lest og følgt nokre bloggar. Når eg tenkjer på dei som skriv blogg, er det nokon som har ei genuin interesse for noko som dei vil dele med andre. Det kan vere både jobb og fritidsintesesser.

Eg likte dette arbeidskravet godt, eg tykkjer det er kjekt å bli betre kjent med bloggverktøyet. Bloggskrivinga gjekk stort sett greit, følte eg meistra det nokelunde greit etter litt prøving og feiling. Å legge inn tekst, kommentarar, bilete og nettadresser gjekk fint. Sjølv om eg mista nokre av kommentarane eg hadde skrive til andre nokre gongar (viktig å ta kopi og backup). Så irriterte det meg at filmane eg la til bloggen min var for breie, før eg fann ut eg kunne tilpasse det med å gå inn i HTML-koden og sette width="100%".

Eg har lyst å ta i bruk blogging som loggskriving etter praksisøktene på restaurant og matfag. Loggskriving er ein viktig dokumentasjon på kva elevane har gjort på skulen og er eit viktig vurderingskriterium. Eg tenkjer at blogging kan vere ein ny og spennande måte å jobbe på og litt ”inn i tida”. Her kan elevane bestemme utforming og design sjølve, og dokumentasjonen kan like gjerne bestå av bilete og film som av tekst. Men eg ser også dei negative sidene med blogging i undervisninga, og trur eg vil lage eit lukka system i starten. Slik elevane og eg som lærar blir trygg på bloggverktøyet i undervisninga, og elevane ikkje skal kvi seg for å legge ut dokumentasjon av kva dei har gjort i undervisninga. Gledar meg til å sette i gong.

Her kjem lenkjer på andre sine bloggar som eg har fulgt, lest og kommentert:

Kommentar på nydallaila.blogspot.com

Kommentar på bodilslogg.blogspot.com

Kommentar på jillsinblogg.blogspot.com

Kommentar på wenchesinblogg.blogspot.com

Kommentar på hegeskarvoy.blogspot.com

Kommentar på nydallaila.blogspot.com


Netvibes kjente eg litt til frå før, sidan eg har brukt det privat i nokre år og har hatt det som startside på min heime-PC. Her har eg lagt litt dei nettsidene eg er oftast inn på og det er kjet med alle oppdateringane. Vel og merke for alle nettsider som har støtte for RSS (Real Simple Syndication). Eg føler det er ein lett måte å halde seg oppdatert på, og ein blir varsla om nyhende.

Når eg skulle legge til den offentlege netvibesen og 20 bokmerke for tema, delte eg det inn i ulike kategoriar. Slik følte eg det blei meir oversitleg og lettare å følge med på. Spesielt når eg skulle legge til dei levande bokmerka for nettadresser som eg meiner er relevante for retataurant og matfag, var det veldig mange som ikkje hadde støtte for RSS. Dette tykkjer eg er litt kjedeleg og kanskje avleggs i 2010, det er mange besrifter som treng nye nettsider. Eg likar netvibes godt, både privat og på jobb, og det er ein god måte å halde seg oppdatert på. Eg likar at nyhende kjem opp som uleste meldingar og kan gå rett inn i dei som eg har lyst å lese.

Her kjem lenkja til min offentlege netvibes:
http://www.netvibes.com/kabruland

onsdag 10. mars 2010

Kva er god nett-etikette?

Korleis skal vi oppføre oss på den store veven?

Bruk av sosialemediar aukar i rekordfart, og dei fleste av oss er der. Men korleis skal vi eigentlig oppføre oss, og kva spor skal vi legge at etter oss? Finnast det lover og reglar for kva vi skal legge ut og korleis vi skal skrive på bloggen, på veggen på facebook og på Twitter? Skal vi publisere når vi er sint, lei oss? Skal vi skrive om relgion og politikk? Skal vi bruke fullt namn? Kva bilete skal vi publisere?


http://paulchaffey.blogspot.com/2009/06/fem-bud-for-sosiale-medier.html

http://www.sivil.no/magma/2010/01/0100.html

http://baerumbeta.wordpress.com/2009/11/10/veileder-ansattes-bruk-av-sosiale-medier/



Twitter og facebook ekspolasjon dei siste åra. Desse nettsamfunna er høg grad av positiv erfaringsutveksling og mange legger att fullt namn og ulike bilete.

Eksempel på kva folk skriver på veggen sin. ”puh, i dag har eg vert flink jente, først jobb, så trening i to timar, så husvask. No slappe av på sofaen”. Så haglar det ofte inn med meldingar på veggen. ”å så flink du er”, ”flinke”, ”GODT JOBBA” osv. Kvifor legger vedkommande ut dette? Og kvifor kommentere på veggen? Er det for å få positiv tilbakemelding, eller berre for å informere og er det interessant?


Sist helg var det ein ungdom som kreiv på veggen sin:
”shit der rauk ungdomstida, gravid i 4 mnd utan å snakke med meg”. Det hagla inn med kommentarar og vedkommande hadde 570 venner. Eg tenkte nei kvifor gjorde du dette, og kvifor når du var sint og opprørt? Kanskje dette er noko han vil angre på seinare, og at det er dumt å publisere noko når ein er sint eller lei seg (det er lett å bli følelseladd og kanskje ikkje så realistisk).

søndag 7. mars 2010

Tankevekkar om sosiale medier

Er sosiale medier det største som har skjedd sidan den industrielle revolusjon, eller er det ei boble? Denne videoen legg fram relevante tal og fakta.

lørdag 27. februar 2010

Kan blogging fungere som loggskriving i praksis?

Etter eg starta på arbeidskravet om å skrive blogg på IKT-studiet, har eg tenkt ein del. Kan blogging vere ein måte å skrive logg på for elevane våre på restaurant og matfag?

Elevane våre har praksisundervisning 2-3 gonger i veka og skal skrive logg som ein oppsummering og dokumentasjon av kva dei har gjort. Loggskriving etter praksisøktene er noko som vi lærarane på restaurant og matfag har snakka mykje om. Korleis skal vi få alle elevane til å skrive gode loggar? Slik som det er i dag er det berre ein liten del av elevane som skriv "gode" loggar på kva, kvifor og korleis dei har jobba i praksisøktene. Dette er eit vurderingskriterium som er viktig for måloppnåinga i faget.

Ein blogg er jo eigentleg per definisjon ein logg på veven.

Eg tenkjer elevane vil få eit større eigartilhøve og jobbe meir om dei blogga som ein del av loggskrivinga. Ikkje minst på grunn av at det blir synleg for andre. Nokre vil kanskje produsere mykje tekst, medan andre vil legge inn bilete som ein dokumentasjon på kva dei har gjort og produsert.

Kva meinar du om blogging som logg??

Dekking av temabaserte festbord.





tirsdag 23. februar 2010

søndag 21. februar 2010

Pedagogisk bruk av sosiale mediar i skulen

I dag blir det stilt krav om informasjons- og kommunikkasjonsteknologi(IKT) til oss pedagogar , i læreplanen av 2006, i lærarkollegiet, frå elevar og foreldre. Vi skal vere digital i alle fag, og dermed må vi tenkje noko annleis og tileigne oss nye måtar å jobbe på. Ikkje minst må vi beherske bruken av pc, fronter, oppslagsverk, gode kjelder og sosialemediar på nettet. Når vi kjenner verktøyet og er digital kompetent til å bruke digitale- og sosiale mediar, vil eg sei dette forenklar arbeidskvardagen min. Eg kan søkje opp ting eg lurer på der og då i til dømes Google eller wikipedia. Når eg skal lage eit undervisningsopplegg er det fort gjort å finne gode bilete og filmar for å understreke eit tema i undervisninga. Ved nokre få tastetrykk har eg kopiert HTML-koden til ein film på Youtube og ”vips” er den der i min Powerpoint.

Eg tykkjer at dette temaet er veldig interessant og kjekt, men det tek mykje av tida mi, og vil sei at mange nettadresser kan vere såkalte ”tidstjuvar”. Men eg tenkjer det er viktig at vi som jobbar som lærarar på ein vidaregåande skule bør kjenne til dei mest brukte sosiale mediane. For flesteparten av elevane våre er der, om ikkje i timane.

Så er spørsmålet, kor går grensene for bruk av sosiale mediar i skulen? Skal vi opne opp for bruk av facebook, twitter, origo, youtube, wikier og blogging i undervisninga? Og klarar dei å ha ein god og fornuftig balansegang med å vere aktørar og kan publisere kva dei vil og når dei vil?

Kva meinar du?

torsdag 18. februar 2010

Bloggen min

Min første blogg
Som ein del av IKT studiet for lærarar er bloggverktøyet eit arbeidskrav. Eg har ingen erfaring med å skrive blogg, men eg har lest og følgt nokre bloggar. Når eg tenkjer på dei som skriv blogg, er det nokon som har ei genuin interesse for noko dei vil dele med andre. Det kan vere idrett, trening, mote, interiør, hund eller hest. Eller som ei eg kjenner som har laga blogg om sin lille familie og deira datter. Dette for at familie og venner som bur langt vekke kan vere med på utviklinga til deira vesle augestein. Andre nyttar bloggverktøyet i jobbsamanheng og som eit fagleg nettverk der ein utvekslar efraringar. Dei får såleis marknadsført seg sjølv og bedrifta med ein firmablogg kor dei viser sin kompetanse og engasjement, samt brukar den som kommunikasjonskanal mot kundar og samarbeidspartnarar. I min jobb som lærar vil eg bruke blogg innan for fag og undervisning og få utveksla erfaringar med andre i likeeins situasjon.
Ja no blir eg kasta ut i det og skal skrive eigne blogg innlegg og svare på andre sine innlegg. Dette tykjer eg er spennande, uvant og eg blir litt redd for at det ”ikkje skal vere godt nok”. Det er vel noko med at det blir publisert for andre. Men på den andre sida tykkjer eg det er kjekt og spennande Vi får sjå om det gir meirsmak, kanskje forblir eg ein aktiv bloggar?!? No er eg i gong og eg har min eigen blogg