lørdag 27. februar 2010

Kan blogging fungere som loggskriving i praksis?

Etter eg starta på arbeidskravet om å skrive blogg på IKT-studiet, har eg tenkt ein del. Kan blogging vere ein måte å skrive logg på for elevane våre på restaurant og matfag?

Elevane våre har praksisundervisning 2-3 gonger i veka og skal skrive logg som ein oppsummering og dokumentasjon av kva dei har gjort. Loggskriving etter praksisøktene er noko som vi lærarane på restaurant og matfag har snakka mykje om. Korleis skal vi få alle elevane til å skrive gode loggar? Slik som det er i dag er det berre ein liten del av elevane som skriv "gode" loggar på kva, kvifor og korleis dei har jobba i praksisøktene. Dette er eit vurderingskriterium som er viktig for måloppnåinga i faget.

Ein blogg er jo eigentleg per definisjon ein logg på veven.

Eg tenkjer elevane vil få eit større eigartilhøve og jobbe meir om dei blogga som ein del av loggskrivinga. Ikkje minst på grunn av at det blir synleg for andre. Nokre vil kanskje produsere mykje tekst, medan andre vil legge inn bilete som ein dokumentasjon på kva dei har gjort og produsert.

Kva meinar du om blogging som logg??

Dekking av temabaserte festbord.





8 kommentarer:

  1. Eg har som du òg tenkt på blogging i faga våre, og er einig med deg i at logg som blogg frå praksisøkter i Råstoff og produksjon og i Prosjekt til fordjuping(PTF) må vere aktuelt å teste ut.
    I år har eg 6 elevar ute i bedrifter ein dag pr veke i PTF. Å få tid til å besøkje desse så ofte som ynskjeleg samtidig med at eg har undervisning på skulen denne dagen er ikkje så lett å kombinere. Her kan bloggen gje elev- lærar betre moglegheit til kontakt og kommunikasjon på kva som skjer ute i bedriftene.
    Trur eg må prøve dette ut i vår:)
    Spennande.........:)

    SvarSlett
  2. Hei.
    Tusen takk for tilbakemelding Wenche. Tykjer det er kjekt vi tenkjer likt på at kanskje blogging kan fungere som loggskriving. Og ikkje minst når elevane er utplassert i bedrift og ein ikkje har den tette oppfølginga som på skulen.

    Dei positive sidene ser eg klart og eg trur elevane vil jobbe meir med ein blogg enn eit "standar loggskjema" som skal fyllast ut etter praksisøktene.

    Eg trur elevane vil få eit større eigarforhold til ein blogg, der dei bestemmer sjølv design, kva dei vil publisere og vil få tilbakemelding på lærarar, medelevar og venner.

    Kva vil vere det negative ved å få elevane til å blogge som ein dokumentasjon på kva dei har gjort i Råstoff og produksjon og Prosjektet til fordjuping?

    Vil det bli tatt godt i mot av elevane?

    SvarSlett
  3. Eg synes blogg som logg er ein god ide. Her kan medelevar sjå, lære og kommentere andre sine bloggar i tilegg videreutvikle sine eigne. Dokumentasjon og refleksjon er viktig etter praksisøkter. Utfordiringar er å få alle elevar til å skrive blogg (logg) også dei som slit med å produsere tekst. Sidan ein i blogg kan legge ut bilde, video har ein eit større spekter å spele på.
    Det er viktig å læree elevane nettvett slik at dei blir kritiske til kva dei vil legge ut.

    SvarSlett
  4. Blogg som logg er spennande og kan la seg gjere. Men kva med dei av elevane som ikkje ønskjer å blogge og offentlege det dei har gjort? Eller klarer vi å få elevane til å skrive sakleg nok, til å ikkje utlever andre elevar eller bedriftane i bloggane sine? Eg trur vi har ein veg å gå opp når det gjeld å bruke blogg som logg. Kva meinar elevane sjølve om å blogge som logg?

    SvarSlett
  5. Kjekt å høyre om kva de som jobbar på restaurant og matfag meinar om blogging som logg.

    Eg trur også som du Laila nemner at fleire elevar vil oppleve det positivt å kunne legge ut bilete i staden for tekst. Det er ein variasjonsmulighet og eit alternatriv for dei som ikkje produserar så mykje tekst.

    Vi er vel einige om at dette hadde vore spennande å prøvd ut?!? Eg tenkjer elevane kan vere med å bestemme om blogging som logg er noko å jobbe vidare med, då får vi fletta inn elevmedverknad også.

    Men eg ser utfordringa som du seier Hege, kva med dei elevane som ikkje ynskje blogge og offentleggjere det dei har gjort. Det må vel nesten vere frivillig?

    Vi som lærarar må snakke med elevane i forkant om blogging på veven, personvern, korleis dei gjer tilbakemelding til medelevar, kva dei legg ut, at dei er seriøse og saklege. Og at vi som lærara vil gå inn jevnleg å sjekke arbeidet deira:-)

    Takk for tilbakemeldigna:O))

    SvarSlett
  6. Ein frivillig blogg kan vere ei løysing, ei anna løysing kan vere at bloggen er lukka for andre enn klassen og læraren. Men eg er einig med deg Kari-Ann at elevane må vere saklege og kritiske i det dei legg ut. Eg har snakka med ein arbeidsgjevar, og han/ho var veldig kritisk til å ta inn elevar på utplassering visst det som går føre seg i bedrifta blir ein "offentleg" blogg. Då ville dei tenkje seg godt om før dei sa ja. Og då kan løysinga bli ein lukka blogg.

    SvarSlett
  7. Einig at blogging kunne vore artig å prøvd ut i praksis/p.t.f.No brukar dei fronterdokument og det er dei sterkaste elevane som produserer mest.Sist vi hadde klassens time fortalte eg at no skulle eg begynne å blogge det synst dei var artig.Eg spurte dei om dei ville begynne å skrive blogg isteden for å skrive logg.Dei ville nokk ikkje offentleggjere bloggane sine,så eg er einig med Hege at det må vere frivillig.

    SvarSlett