I dag blir det stilt krav om informasjons- og kommunikkasjonsteknologi(IKT) til oss pedagogar , i læreplanen av 2006, i lærarkollegiet, frå elevar og foreldre. Vi skal vere digital i alle fag, og dermed må vi tenkje noko annleis og tileigne oss nye måtar å jobbe på. Ikkje minst må vi beherske bruken av pc, fronter, oppslagsverk, gode kjelder og sosialemediar på nettet. Når vi kjenner verktøyet og er digital kompetent til å bruke digitale- og sosiale mediar, vil eg sei dette forenklar arbeidskvardagen min. Eg kan søkje opp ting eg lurer på der og då i til dømes Google eller wikipedia. Når eg skal lage eit undervisningsopplegg er det fort gjort å finne gode bilete og filmar for å understreke eit tema i undervisninga. Ved nokre få tastetrykk har eg kopiert HTML-koden til ein film på Youtube og ”vips” er den der i min Powerpoint.
Eg tykkjer at dette temaet er veldig interessant og kjekt, men det tek mykje av tida mi, og vil sei at mange nettadresser kan vere såkalte ”tidstjuvar”. Men eg tenkjer det er viktig at vi som jobbar som lærarar på ein vidaregåande skule bør kjenne til dei mest brukte sosiale mediane. For flesteparten av elevane våre er der, om ikkje i timane.
Så er spørsmålet, kor går grensene for bruk av sosiale mediar i skulen? Skal vi opne opp for bruk av facebook, twitter, origo, youtube, wikier og blogging i undervisninga? Og klarar dei å ha ein god og fornuftig balansegang med å vere aktørar og kan publisere kva dei vil og når dei vil?
Kva meinar du?
Here we go again :-)
for 11 år siden
Fint initiativ til ein viktig diskusjon Kari-Ann! Nye medier- nye moglegheiter, for oss- og for elevane.
SvarSlettEg tenkjer det er viktig at vi tek i bruk nokre av dei nye, og etterkvart gamle, sosiale media i undervisninga og, men at det er ei fagleg vurdering av læreutbytte som ligg i botn.
Facebook er eg skeptisk til å nytte i undervisninga. Origo tenkjer eg kan vere nyttig. Den erfaringa eg sjølv har med origo er at det er eit flott medium for å skape og delta i debattar om og i nærmiljøet sitt.
Når det gjeld blogg, er det eit mål for meg dette skuleåret å ta det i bruk i norskklassane mine. Eg har tenkt å opprette ein blogg der elevane skal bruke bloggen for å presentere eit gruppearbeid. Temaet er media på VG1, men eg tenkjer dette lett kan overførast til alle fag. Blogg tenkjer eg kan vere eit nyttig medium for å nå ut til mange, om eit område ein har interesse av. Nyttig både privat og i yrkessamanheng seinare tenkjer eg.
Om ein ikkje vil ta i bruk sosiale media i undervisninga tenkjer eg det er viktig at vi diskuterer med elevane kva konsekvensar det kan få å skrive kommentarar, leggje ut bilete og videoar og oppdatere statusfelt eller bloggar med privat innhald. I det heile å delta. Ved å nytte det nye mediet chatroulette kan ein td havne på youtube, heilt uvitande og ufrivillig.
Eg synes ikkje det er greit at dei publiserer kva dei vil, når dei vil. Meiner det er viktig å snakke med elevane om kva ansvar det ligg i å vere deltakar og forbrukar av sosiale medium. Med det håpar eg at fleire av dei vil reflektere om det er greit at dei publiserer kva dei vil, når dei vil.
Veldig kjekt med god tilbakemelding på innlegget Jill, eg håpar på tilbakemelding rundt temaet og få høyre andre sine meiningar.
SvarSlettEg merkar veldig godt auken med bruk av sosiale mediar både i skulen og privatlivet. Dei siste åra har eg vore inn og ut av skulen på grunn av fleire svangerskapspermisjonar og merkar utviklinga godt. Ein legg kanskje ekstra godt merke til det når ein ikkje følger den i det daglege, men er vekke over ein lengre periode.
Nokre sosialemediar kjenner eg godt til og andre har eg berre høyrt om. Origo og Twitter har eg berre kjennskap til, mens Facebook og Youtube er sosiale medium eg nyttar.
Bloggskriving er nytt for meg, og noko eg har lyst å jobbe vidare med. Som lærar på restaurant og matfag, skriv elevane logg etter kvar praksisøkt på kjøkken og restaurant. Det har vore eit diskusjonstema av oss lærarane på avdelinga, korleis vi skal få elevane til å skrive gode loggar. Så eg tenkjer kanskje å skrive blogg kan vere ei god løysing? Der dei kan skrive om kva dei har gjort/laga/produsert, legge ut oppskrifter, bilete og filmar. Då tenkjer eg at ein kan jobbe på tvers av fag, slik ein til dømes koble inn språkfag. Slik eg ser det kan dette vere ein ”vinn vinn” situasjon og ein spennande måte å jobbe for både elevar lærarar. Vi slepp papirbunkar og det er berre gå inn å sjekke bloggen deira.
Eg må sei meg einig i at eg er skeptisk til å nytte Facebook i skuletida, og tenkjer det godt kan vere privat og fritid. Trur noko av det viktige vi kan gjer ovenfor elevane våre når det gjeld å publisere på nettet er å få dei til å reflektere over kva dei legger ut. Og fortelje dei konsekvensar, og at dette kan ligge på internett i all framtid. Kanskje spennande og kjekt med ”crazy” bilder på facebook når ein er 18, men kanskje ikkje når ein eventuell arbeidsgjevar har googla vedkommande og fått opp bileta når ein er er 25. Så noko av det er viktig vi gjer er å skape gode holdningar slik ein kan bli ansvarleg deltakar og forbrukar .
Eg tenkje det er viktig å ha klare rammer for reglar og bruk av ulike sosialemediar i klasserommet.
Blir imponert over deg, Kari-Ann, dette har du verkeleg reflektert over. Du og, Jill. Eg er positiv til den utviklinga vi har komme til, bruka av pc, mindre skulebøker, bruk av internett og ulike programvarer. Eg opplever at eg sjølv står mykje friare i mine unerdisningsopplegg enn det eg gjorde før. No må undervisninga knyttast opp mot kompetansemåla til ein kvar tid, eg kan ikkje knytte meg til ei bok og tru at eg finn svara eller teorien til undervisninga mi på ein plass. Eg opplever at når eg nyttar ulike digitale mediar blir det spennande for meg å sjå kva eg kan få gjort ut av eit undervisnignsopplegg. Eg får ei mykje større bredde i det eg skal undervise i. Tilbake meldingane eg får av elevane er positive, for det skjer mykje på kort tid, då eg kan nytte tekst, bilete, lyd og film i eit og samme opplegg. Det er gjerne det ungdom likar. Då får eg og vist elevane mangfaldet av det som er på internett eller i bruka av data. Eg trur, til tross for at enkelte av elevane kanksje brukar tid på sosiale mediar istaden for å følgje med i timen, er vi i ein positiv utvikling.
SvarSlett